Me er stolte av det flotte museet me har på Fjotland. Mange har lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats for å få på plass alle dei ulike bygningane. Museumsområdet er eit fint område for heile bygda. Det er viktig at staden blir brukt og kan vere til glede for stadig nye generasjonar.

Difor vil me invitere deg til å bli med i venneforeininga til støtte for museet. Medlemsskapet kostar kr 100 pr år. Det kan du anten betale inn til bankkkonto 3117.20.03543 eller via VIPPS #698657 Fjotland Bygdemuseum.

Som støttemedlem er du med å bidra til drifta av museet. Me vil også gjerne at de er med og framsnakkar museet. 

Ta gjerne kontakt med nokon av oss i styret om du har innspel eller ønskjer å besøke museet utanom ordinær opningstid. Det er fint om du kan melde inn namn og adresse og gjerne e-postadresse slik at vi kan sende ut relevant informasjon om museet. 

Hilsen styret i Fjotland Bygdemuseum: Per Øistein Rogstad, leiar, Ivar. Kvinlaug, nestleiar, Ole Tom Eftestøl, Ingun Irlen Stakkeland, Fred Jonny Wikøren og Siw Moland Eftestøl.