1. Juni 1978 byrja arbeidet med å samla inn gamle ting til eit museum i Fjotland. Etter 3 forberedande møter vart dette vedteke.
For å ha ein høveleg stad å samla tinga, vart det søkt Kvinesdal kommune om å nytta 2. høgda idet gamle kommunehuset i Fjotland.
Positivt svar kom og vart referert i styremøte september 1978. Namnet vart så vedteke til ”Fjotland bygdemuseum”. 
Det vart nå setta i gong arbeide med å laga hyller og montere til samlinga. Etter kvart kom det inn mange gjenstander, og ein trong meir plass.

3. juni 1993 fekk Fjotland Bygdemuseum i gåve, disposisjonsretten over heile bygget. Då hadde Fjotland sparebank, som framleis hadde vore i bygget, flytta verksemda til Kvinlog. Fjotland Bygdemuseum kunne nå nytta heile huset + kjellar til utstilling. Kommunestyresalen er innreia slik den opprinneleg var.
Det er nå samla gamle ting frå heile Kvinesdal kommune og nokre få ting frå andre stadar. Ein del ting frå gruvesamfunnet Knaben er og å finna.

Etter kvart vart arealet rundt museumet utvida slik at det i dag er ca. 20 da. til disposisjon. Området rundt Fjotland Bygdemuseum vart valt til Kvinesdal kommunes 1000 årsstad. Det vart då sett opp plakett, og planta paltinlønn som 1000 årstre. Plaketten står utanfor ”Kvenåsen skule” og lønna utanfor ”Åmlandshuset”.

I sommermånadene er museumet ope kvar sundag frå kl.1200 til 1600. Ein del skuleklasser er og på besøk ellers i året.
Utanom denne tida kan ein ta kontakt med:

Per Øistein Rogstad 414 57 584
Ivar Kvinlaug 909 52 613