Engedalsløa
Då Fjotland bygdetun var ein realitet og me fekk bygd opp att Åmlandshuset, har styret i museet hatt planer om å setja opp ein fjøsbygning som kunne vera nokon lunde frå same perioden som dette huset, dvs  frå midten av 1700 talet.

Slike bygg var ikkje å finna i Fjotland eller omegn. Ingen var tekne vare på, og difor var dei rotna ned eller revne ned.

Det var då ideen om å setja opp ein kopi av eit fjøs såg dagens lys.
På det øverste bruket på Engedal stod eit slikt fjøs fram til 1949, då vart det reve ned.
Eg hugsa så nokon lunde korleis dette fjøset og løa såg ut. Eg fann då fram målband og papir. og fekk målt opp muren av fjøset og gjødselkjeller.
Like eins ”håndsteinane” under korn/ høyløa. Alt dette stod framleis.

Det viste seg at bygget var 6 m. breidt.
Fjøset var 6 x 5,5 m.  løa 6x 14,5 m  og gjødselkjelleren 5,5x 2,5.Ein lengde på i alt 19 m.
Grunnen til at høyløa ikkje var større var at det var 4 små løer til å ha høy i elles rundt på garden. Dette høyet vart kjørt heim på vinterstid. Dersom ein  hadde ein høystakk eller ei løe på heia, vart også dette kjørt heim då.

Fjøset var lafta opp av rundtømmer, løa av bindingsverk og med enkel kledning. Golvet i innkjørselen mellom kornlager og høyløe, var det lagt pløgde bord, slik at når ein skulle treska kornet på golvet med ”fløyel eller tust” så singla ikkje kornet ned mellom eventuelle sprekker i golvet.

På heile taket var det torvtak. I fjøset var det plass til 4 kyr og 2 kalvebåsar. Ein hestebås og plass til nokre sauer. Det hende vel at i nauda kunne ein ha nokre sauer gåande på ”talle” i gjødselkjelleren.
Eg hugsar at dersom ein skulle ha ein gris å slakta til jol, var det ikkje plass til denne i fjøset.
Denne laut då stå i eit ”sjol” utafor fjøset i det såkalla ”grisesjolet” , fram mot jol. Denne kunne då bli litt langragga  p.g.a. kulda.

Me håper likevel at ein kopi av dette fjøset som stod i forhold til arealet på garden, og dei fleste småbruka i Fjotland, kan vera med på å synleggjera korleis forholda var på mange gardar på denne tida.

Bygget blei innvia 13. august 2011, same dag som Stakkelandsbua.

Helsing Tønnes