Åmlandshuset

Då Åmlandshuset stod ferdig på Fjotland Bygdemuseum i 1997, markerte det også opninga av Fjotland Bygdemuseum.

Dette blei markert på Fjotlandsdagen 29. juni under Utvandrarfestivalen dette året. Fram til da hadde museet bare hatt samlinga i Tingstova, no var det i ferd med å bli eit bygdetun med fleire hus.

Huset hadde tidlegare stått på garden til Peder Pedersen på Øvre Åmland. Allereie i 1988 hadde det vore kontakt mellom eigaren og Tønnes T. Kvinlaug som representant for Fjotland Bygdemuseum. Pedersen hadde fått lov til å bygge nytt hus på garden, men då måtte det gamle huset rivast. 4. mars 1990 vart det skrive eit gåvebrev frå Peder Pedersen til bygdemuseet, eigaren ønskte at huset vart oppført på eit bygdetun. Sommaren 1991 vart huset riven, og lagra ved museet.

Først i 1995 tok Erling Egeland og Tønnes T. Kvinlaug i gong med å reise huset, då hadde bygdemuseet fått overta tomteareal ned mot Fjotlandsvatnet. Den 29.06.1997 blei Fjotland Bygdemuseum og Åmlandshuset opna.

Av hustypen kan ein sjå at det er eit gamalt hus. Me er ikkje sikre på alderen. I gards- og ættesoge for Fjotland står det skriven om at det var ein brann i 1768. Ein trur då at huset vart bygd opp att i 1768-69, men med ein del tømmer som kan ha stamma frå det gamle huset. Ein kan sjå at botnsvillene, noko av bjelkelaget og noko av veggene på loftet, er tømmer som har vore brukt før.

Ut frå Fjotland. Gards- og ættesoge. har det vore tretten eigarar av huset. Den som bygde huset må ha vore Jesper Knudson (1733-1808), og han var gift med Ingeborg Didriksdotter Høydal. Dei siste som budde i huset var Peder og Lillian Pedersen som gav huset til museet.

PØR