Kvenåsen skulehus

15. juni 1951 var siste skuledag på Kvenåsen skulehus som no er på bygdemuseet. Sjølvaste 11. september var dagen då det gamle skulehuset blei frakta med lastebil frå Kvenåsen like ved Lindelandsbrua til sin nye heimplass like ved Tingstova, året var 1999. Det var ein spennande operasjon å flytte eit heilt hus med kran og lastebil, men det gjekk godt, og skulehuset kom trygt på plass på nye murer på Fjotland. Ved flyttinga vog huset 9 – ni – tonn, utan takstein og pipe.

Det var ikkje så lenge det var skule i Kvenåsen. Først i 1922 blei Lindefjell skulekrins delt, krinsen hadde gått frå Lindeland til Moland. Frå 1923 blei det nye skulekrinsar. Netland blei overført frå Risnes, og blei ein del av Gunsteinsli skulekrins saman med Moland og Lindefjell. Eikeland blei overført frå Harbakk til den nye Kvenåsen skulekrins, som elles omfatta gardana Solli, Lindhommen, Seland og Lindeland.

Allereie i 1951 blei denne krinsen overført til Kvinlog. Etter at skulen vart nedlagd, vart det brukt som forsamlingshus for krinsen. I 1999 blei det flytta til museet, og dermed hadde museet fått enda eit hus på plass. 

Like ved skulehuset ligg prestesteinen og lesarsteinen. Å løfte lesarsteinen som tidlegare lå i vatnkanten like nedanfor kyrkja, var ei manndomsprøve som mange unge fjotlendingar har prøvd seg på. Det var ei tøff utfordring å løfte steinen som skal vege 102 kg.

Prestesteinen skal etter det som seiest vore løfte av ein av bygdas prester, og med ei vekt på heile 207 kg, er det ikkje kven som helst som kan makte det. Vi er ikkje sikre kven som skal ha løfta steinen, men nokre peiker på Per Tobias Gunnuson Eiesland med tilnavnet «Per prest». Han var født på Eiesland i Fjotland i 1840. Han var prest i Fjotland frå 1886-1900.

Bilete fra flyttinga av skulehuset frå 1999, kan du sjå her: