AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Sommaren 2019

23.06.2019
Sommaren 2019

Årets sommarsesong på Fjotland bygdemuseum startar med Fjotlandsdagen sundag 30. juni. Fram til og med 11. august er museet ope frå kl 12-16.

Fjotlandsdagen har i år ei forestilling med Bente Fredrikke Wikøren og Randi Helle "Spor - ei reise i toner og ord". Elles blir det matsal ved Torvløbakken gard og elevar frå Kvinlog skule, kunstutstilling med John Petter Lindeland, Helga Narverstad og Leiv Knibestøl. Det blir også natursti for små og store, og diverse aktivitetar. Tønnes Kvinlog fortel i Åmlandshuset.

Den "nye" Fjotland landhandel har fått plass i bua bak Tingstova, og den er ope på Fjotlandsdagen. I år blir det også Fjotlandsquiz frå scenen. Kvinesdal Sparebank er hovudsponsor av arrangementet og vil vere til stades.

Resten av sommaren er museet ope på sundagar frå kl 12-16. Ta kontakt om du ønskjer å kome innom museet til andre tider.

Følg #fjotlandsdagen19 på Instagram og/eller fjotlandsrosa på facebook

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn