AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Slik kom Stakkelandsbua til Fjotland bygdemuseum

16.08.2011
Slik kom Stakkelandsbua til Fjotland bygdemuseum

Laurdag 13. august blei Engedalsløa og Stakkelandsbua markert på Fjotland Bygdemuseum. Ingeborg Haughom fortalde levande om soga til Stakkelandsbua.

Ingeborg Haughom har gitt oss løyve til å gjengi foredraget her:

"Stakkelandsbua: Den me i dag kan takka for at bua har blitt bevart er Johan Jerstad. Bua sto på Øvre Stakkeland og etter Johan sine notat er den frå slutten av 1600-tallet. I bua er det eit kornkjer med innskore årstal 1665, dette meinte Johan hadde fulgt bua sidan den var ny, dette er på bua i dag. Garden Øvre Stakkeland blei skyldsett i 1686, då sat Pær Jesperson med Øvre Stakkeland og Annbjørn Annbjørnson med Nedre Stakkeland, han blei gift med halvsøster til Pær. Opprinneleg meiner Johan Jerstad at det har vore dobbelbu med to enkelbuer med over- og underbu bygd saman med gong i mellom. Han trur at bua blei flytta for grunnen har svikta, og bua blei skeiv. Huset blei flytta, og omkring 1910 blei bua flytt etter, då sette dei bare opp den eine. Det er tydelege merkar med nummerering av stokkane etter flyttinga. Bua var ikkje i bruk og forfallet kom, men Johan var forut si tid og såg verdien av å ta vare på denne bygningen som han meinte var den eldste i Fjotland. Tidleg i 1960-åra sendte han ein søknad til Fjotland kommune om restaurering av bua, kostnaden vart rekna til ca.kr 10.000. Utskriften frå møteboka 30. nov.1962 som er underteikna av ordførar Hans Kvinlaug seier at kommunestyret ser med velvilje på dette arbeidet,  men dei har ikkje pengar på budsjettet, og saka vert sendt til det nye kommunestyret i Kvinesdal. Så er det behandla i kommunestyret i Kvinesdal 15.08.63, her fekk han heller ikkje pengar til flytting. Vedtaket blei følgjande: «Kvinesdal kommune tettar taket på bua og steller ho slik at ho ikkje vert øydelagt. Ho kan då seinare flyttas til eit evt. bygdetun.» Men Johan var ikkje nøgd med dette, han ville gjerne ha bua på Fjotland. Det er brev med negativt svar frå prest Dreng Harstad om flytting til prestegarden, han viser til Kvinesdal kommune som eig Kyrkjeodden om å setta bua der.

 Johan gir etter kvart opp å få kommunal hjelp til flytting og skriv til Trygve Eftestøl om han kan påta seg arbeidet med å flytta bua til Kvekkjen. I brev av 24.11.64 skriv Trygve ”eg syter med å binda meg, men så sant ikkje noko uventa kjem i vegen so skal eg ta på meg dette arbeidet.” Bua blei flytta til Mygland på hyttetomta til Johan og Anna og kostnaden tok dei sjølv. På eit treskilt inne i bua står det Gjermunds minne, dei hadde ein son som var flygar. Han omkom i ei flyulykka i 1963 og forsikringa dei fekk utbetalt etter ulykka brukte dei til å flytta bua, derfor står det Gjermunds minne.

 

Johan tykte nok det hadde vore ein kronglete veg og lite forståing frå kommunen for å ta vare på bua. I 1968 tinglyste han at så lenge bua var i vølande stand skulle den ikkje flyttast frå eigedommen.

 

I dag er det Thorleif og eg som har den eigedommen, tinglysinga er eit hefte som fylgjer med og som me har respekt for. Me har vore i tvil om flyttinga, men etter rådføring med familie og tidlegare eigar har me kome fram til at det er viktig at bua blir teke vare på for framtida og at allmennheita fær tilgang til den. Me kom til den konklusjonen at hadde Johan levd i dag og sett dette flotte bygdetunet, trur me han hadde gjort det same."

 

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn