AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Engedalsløa og Stakkelandsbua er innvia

13.08.2011
Engedalsløa og Stakkelandsbua er innvia

Om lag 150 møtte fram for å vere med på opninga av Engedalsløa og Stakkelandsbua på Fjotland bygdemuseum laurdag 13. august. Eit flott arrangement med musikk, kåseri og kunnskap.

Ordførar Odd Omland stod for den offisielle opninga av dei nye bygningane. Leiar Tor Norås for museet gav ei innføring i utviklinga av museet frå den spede starten i 1977 og fram til innviinga av bygg nr 4 og 5 i dag.

Ingeborg Haughom fortalte om historia til Stakkelandsbua som skal vere oppført på Øvre Stakkeland på slutten av 1600-talet, som seinare vart flytta til Mygland av Johan Jerstad. Nå har den til slutt enda opp på museet på Fjotland.

Svein Arne Myhren Tegland var dagens kåsør, og han talte om gamle heltar frå Fjotland. Tron Hoskuldson Kvinlaug og Besse i Knaben er to kjende namn frå fjotlandshistoria. Den ein var ein tøffing, mens den andre var ein slags helgen.

Dei musikalske innslaga stod Wenche Hunsbedt Svindland, Sverre Eftestøl og Oddbjørn Stakkeland, samt ei felegruppe med mellom anna Kenneth Trælandshei og Nils Ro. Svein Arne Myhren Tegland var også med på eit innslag med munnharpe.

På menyen stod lapskaus og heimelaga fløtekaker.

Bilder frå opninga, kan du sjå her: 

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn