AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Ein gamal gravstein

11.08.2011
Ein gamal gravstein

Kan det vere mogleg at gravminne etter Øyo Bergeson Bergeslien som døyde i 1753, no er å sjå på Fjotland Bygdemuseum?

 
Ein gamal gravstein vart funnen i muren på Fjotland kyrkje. Denne er nok frå den tid gamlekyrkja stod. Den har denne innskrifta:JEG HAR DET FASTE HAA AT GUDS BASUNERS LYD PAA DOMM-DAG MIG SKAL OPVEKKE TIL STOR FRYD. I bunnen, og  på tvers av den andre skriften, står det: BØS- Her mangler det kanskje ein B på slutten.I Fjotland gards og ættesoge på side 261 skriv Johan Jerstad  uder 12. Berge Øyuson: “Gravsteinen til Øyo er til enno” Dermed er det truleg at sonen Berge har laga innskrifta på gravsteinen til faren. Øyo døydde 1753. Det står ikkje noko årstal på steinen. Denne er nå flytta til Fjotland bygdetun og kan sjåast her. Ein antek då at dette er gravsteinen til Øyo Bergeson Bergeslien.
 
Helsing Tønnes.

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn