AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Nyfjøs og høyløe skal markerast

22.05.2011
Nyfjøs og høyløe skal markerast

Laurdag 13. august blir det storsamling på Fjotland Bygdetun med opning av det nye fjøset og høyløa.

Laurdag 13 aug. kl. 13.00, vert det nyåpning på Fjotland bygdetun. Då håper me å vera ferdig med det som me har planer om: Bygging av fjøs og korn/høyløe, oppsetting av “Stakkelandsbua” og kanskje ein musikkpaviljong.Det vert lagt til rette for rullestolbrukere i “Omlandshuset” og løa. Oddbjørn Stakkeland  har skaffa musikkrefter og Svein Arne Myhren kjem og kåserer. Sjølve åpninga vert føreteke av Kvinesdals ordfører, Odd Omland.  Det vert salg av lapskaus og kaffi og kaker.  Vi håper på fint vær, ellers vert det anledning til å vera under tak i dei forskjellige bygningane. Maten vert servert i løa. Velkomen!  Vi ser gjerne at mange møter fram.   Helsing  Tønnes T. Kvinlaug

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn