AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Bålkos ved Åmlandshuset

20.09.2010
Bålkos ved Åmlandshuset

Etter gudstenesta i Fjotland kyrkje 19. september var det tid for bålkos og pølser ved Åmlandshuset.

Årets seks konfirmantar blei presentert på gudstenesta, og saman med resten av kyrkjelyden blei dei med bort til Åmlandshuset. Bålet stod klart og brant fint ned mot vatnet. Folk koste seg i den fine haustkvelden. Pølsene fekk bein og gå på, og mange fekk prøvd sine spikkekunnskapar for å lage pølsepinner. Konfirmant Ole Kristian Mygland hadde kveldens lengste pølsepinne på nærare 2,5 m. Fleire kunne nok tenkt seg ein liknande når bålet varma som mest, under pølsesteikinga.

Dei om lag 50 som var med til museumet denne kvelden, kunne også ta den nye floren i augesyn. Dugnadsgjengen har kome godt i gang med nybygget som er ein kopi av flor og løe, som har stått på garden Dør uppe på Engedal. Det blir spennande å sjå når den blir heilt ferdig. Enno er bare floren klar, men etterkvart blir det gjødselkum, kornløe og høyløe.

PØR

Per Sverre Kvinlaug tok desse bilda frå samlinga

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn