AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Ny løe og flor

29.07.2010
Ny løe og flor

Tor Norås, Kåre Kamben og Tønnes Kvinlaug har lafta ein ny flor ved Fjotland bygdemuseum. Saman med floren skal det også byggjast ny kornløe og høyløe. Bygningen blir plassert ved Åmlandshuset.

Bygget er ikkje mindre enn 19 meter langt, og er ein kopi av den gamle løa som stod på garden "dør uppe" på Engedal. Tønnes Kvinlaug hugsar godt løa som blei riven i 1948.

Floren som er lafta opp er på 5,5 x 6 m, og ved sidan av blir det plass til både høyløe og kornløe. Floren er lafta opp på parkeringsplassen ved museet, men skal flyttast bak Åmlandshuset.

Siv Irene Norås har tatt desse bileta av laftekarane:

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn