AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Friluftsgudsteneste ved Åmlandshuset

14.06.2010
Friluftsgudsteneste ved Åmlandshuset

Sundag 13. juni var om lag 35 samla til friluftsgudsteneste ved Åmlandshuset på Fjotland Bygdemuseum. Prost Hilde Sirnes og sokneprest Gunnar Trægde Pedersen hadde gudstenesta.

Ved grinda stod kyrkjevert og tidlegare klokkar Lillian Pedersen og ønskte velkommen til gudsteneste. Åmlandshuset stod på garden deira på Åmland, før det vart flytta til Fjotland Bygdemuseum i 1997.

Folk koste seg i le framfor Åmlandshuset, der dagens klokkar Marit Homme innleia gudstenesta. 

Hilde Sirnes hadde andakt om Sakkeus, og fekk med seg fleire i forsamlinga til å dramatisere den kjende bibelteksta om den kortvokste tollaren. Når gudstenesta var til ende, var grillen varm og folk fekk seg eit godt måltid. Gunnar Trægde Pedersen hadde lånt med seg nokre kanoar frå Feda som den yngre garde fekk låne. 

Dette var første gongen det var friluftsgudsteneste på museet, men mange prata om at dette burde bli ein ny tradisjon.

PØR

Fleire bilete fra friluftsgudstenesta:

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn