AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Velkomen til venneforeininga: Fjotland bygdemuseum

21.08.2021
Velkomen til venneforeininga: Fjotland bygdemuseum

Vil du vere med å støtte opp om Fjotland bygdemuseum, då kan venneforeininga Fjotland bygdemuseum vere noko for deg.

Fjotland bygdemuseum feirer i 2022 40 års jubileum siden museet blei offisielt opna i Tingstova. I 2022 kan vi også feire at det er 25 år sidan Aamlandshuset kom på plass som første bygg på bygdetunet. I dag har vi ikkje mindre enn 6 bygg på bygdetunet i tillegg til Kvænåsen skulehus, Fjotland landhandel og Tingstova.

Vi er stolte av det flotte museet vi har på Fjotland. Mange har lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats for å få på plass alle dei ulike bygningane.

Museumsområdet er eit fint område for heile bygda. Det er viktig at staden blir brukt og kan vere til glede for stadig nye generasjonar.

Difor vil vi invitere deg til å bli med i ei venneforeining til støtte for museet. Medlemsskapet kostar kr 100 pr år. Det kan du anten betale inn til konto:  3117.20.03543  eller via VIPPS #698657. Merk innbetalinga med navn og venneforeining.

Som støttemedlem er du med å bidra til drifta av museet. Me vil også gjerne at de er med og framsnakkar museet. Vi er også interessert i gode ideer på korleis vi kan utvikle museet vidare.

Det er fint om du kan melde inn namn og adresse og eventuelt e-postadresse slik at vi kan sende ut relevant informasjon om museet.

Det er også mogleg å kome til museet på andre tidspunkt. Ta kontakt med ein av oss i museumsstyret:

Tønnes T. Kvinlaug, leiar  Per Øistein Rogstad, nestleiar              

Gunvald Vatland, Ole Tom Eftestøl, Oddny Aud Risnes, Ivar Kvinlaug, Tor Norås

 

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn