AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fjotlandsdagen 25. juni

08.05.2017
Fjotlandsdagen 25. juni

Sundag 25. juni er det klart for Fjotlandsdag på Fjotland Bygdemuseum. Det blir musikalsk innslag frå ein ung fjotlending.

I år som dei tre siste åra er det Fjotlandsrosa som arrangerar Fjotlandsdagen. Fjotlandsdagen er ein del av Utvandrarfestivalen som holdast i Kvinesdal kommune frå 24. juni til 2. juli.

Det blir eit flott program med musikalsk innslag fra Sven Eivind Stakkeland som for tida studerar musikk ved universitetet i Agder. Han har med seg to studiekameratar til Fjotland. Det blir kunstutstilling, demonstrasjon av smiing, opptrinn med nokre gamle rosemålarar og sal av mat frå Torvløbakkan.

Også i år blir det fotokonkurranse i samarbeid med Kvinesdal sparebank. Her blir det gavekort frå Handelshuset Kvinesdal i premier. Vinnarbilete får gavekort på kr 2000, 2. premie kr 1000, 3. premie kr 500. I tillegg blir det ein eigen publikumsfavoritt som får gavekort på kr 500. Tema i år er: "Det gode liv på bygda". Frist for å sende inn bilete er mandag 19. juni. Send inn inntil tre bilete til: pr@fjotlandsrosa.no eller via instagram med #fjotlandsdagen2017. Om du sendar inn via instagram, må du ikkje bruke ein privat konto.

Vi kjem tilbake med meir seinare.

 

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn