AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Jørensmia på Bygdetunet

06.09.2015
Jørensmia på Bygdetunet

I august blei det enda eit nytt bygg på Fjotland bygdemusem. Då blei samlinga komplettert med ei smie - "Jørensmia"

«Jørensmia» på bygdetunet.

Fjotland museum hadde ein del smieutstyr, men inga smie. Det vart difor bestemt å laga eit bygg til å ta vare på dette utstyret. 
Det gamle huset til Jøren Åsemoen vart rive for nokre år sidan og Bjarne Knibestøl tok vare på plankene som hadde vore til kvist på huset.  Desse var han villig til å gje til museumet.

I Fjotland var det før i tida ei smie på mest kvar gard. Bygga kunne vera laga av enkle reisverk med kledning,  lafta av rundtømmer eller av plank.
Enkelte stader,som i Knaben,  hadde dei ei esse med ein stor blåsebelg, laga av tre og skinn.
Andre hadde berre ei enkel feltsmie (esse) og ein ambolt.

Smiebygget på bygdetunet er ingen kopi,  men er laga enkelt av planker, og har som formål å ta vare på smieutstyret.
Her er det feltsmie,  ambolt,  tenger og anna redskap.  Ein hånddreven boremaskin høyrde og med til utstyret. Denne typen var nok ikkje så vanleg i dei fleste smiene.

I ei smie vart det meste laga som trengtes på ein gard.  Det kunne vera frå dørhengsler, dørlåsar, utstyr til hesteredskap og hestetruger, knivar og mykje anna.
Ein god smed var ein nyttig mann på gardane.  På grunn av kolet som vart brukt i essa vart det mykje røyk, og såg ein ein svart mann, så var det mest sansynleg ein smed.

Ei smie høyrde naturleg til på ein gard og bør vera ein del av eit bygdetun.

Helsing Tønnes.

     

 

 

 
Andre aktuelle saker
- Legg til i favoritter - Tips en venn