AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Tingstova

 

Tingstova vart bygd i 1895, i samarbeid med Fjotland sparebank. Banken hadde til då ikkje hatt eigne lokaler, og det hadde heller ikkje kommunen.Frå 1858, då Fjotland vart eigen kommune, hadde dei leigd lokale hjå Isak Netland på Fjotland,som då dreiv landhandel.

I 1934 vart ”Tingstova” påbygd 1 etasje til. Denne vart bruka som vaktmesterbustad for bygget. Arbeidet gjekk ut på å fyra i omnen før bruk av formannskap/ kommunestyremøter og når banken var open kvar laurdag.I den tida det var skule, var det same arbeidet her.

Når det om sundagane var gudsteneste, var det å koka kaffe og egg, som kyrkjefolket kunne få kjøpt. ”Tingstova” vart og nytta som rettslokale. Ein eigen ”skranke” vart då nytta og denne er teken vare på.

Då Fjotland i 1963 vart slegen saman att med Kvinesdal kommune, vart ”Tingstova” ledig. Banken fortsetta verksemda fram til 1993.”Tingstova er såleis eit museum i seg sjølv.

3. juni 1993 fekk Fjotland Bygdemuseum i gåve, disposisjonsretten over heile bygget. Då hadde Fjotland sparebank,som framleis var i bygget, flytta verksemda til Kvinlog. Fjotland Bygdemuseum kunne nå nytta heile huset + kjeller til utstilling. Kommunestyresalen er innreia slik den opprinnelig var.

Det er nå samla gamle ting frå heile Kvinesdal kommune og nokre få ting frå andre stader. Ein del ting frå gruvesamfunnet Knaben er og å finna.

Tønnes T. Kvinlaug

- Legg til i favoritter - Tips en venn