AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Kvenåsen skulehus

 

15. juni 1951 var siste skuledag på Kvenåsen skulehus som no er på bygdemuseet. Sjølvaste 11. september var dagen då det gamle skulehuset blei frakta med lastebil frå Kvenåsen like ved Lindelandsbrua til sin nye heimplass like ved Tingstova, året var 1999. Det var ein spennande operasjon å flytte eit heilt hus med kran og lastebil, men det gjekk godt, og skulehuset kom trygt på plass på nye murer på Fjotland.

Det var ikkje så lenge det var skule i Kvenåsen. Først i 1922 blei Lindefjell skulekrins delt, krinsen hadde gått frå Lindeland til Moland. Frå 1923 blei det nye skulekrinsar. Netland blei overført frå Risnes, og blei ein del av Gunsteinsli skulekrins saman med Moland og Lindefjell. Eikeland blei overført frå Harbakk til den nye Kvenåsen skulekrins, som elles omfatta gardana Solli, Lindhommen, Seland og Lindeland.

Allereie i 1951 blei denne krinsen overført til Kvinlog. Etter skulen vart nedlagd, vart det brukt som forsamlingshus for krinsen. I 1999 blei det flytta til museet, og dermed hadde museet fått enda eit hus på plass.

Bilder av flyttinga av skulehuset kan du sjå her:

PØR

- Legg til i favoritter - Tips en venn